Sv: Hingstlinjer- främst fjordhästfunderingar
Bara för att man har många hingstar betyder inte att man undviker inavel om alla är nära släkt.
Har du bara en hingst så gäller det att ta till vara så många avkommor som möjligt för att fånga upp den genetiska variation han har.
Det beror på vad populationen består av. Är det bara en hingst och 399 ston eller är det 200 av varje?
En population kan genomgå en inavelsdepression och på så sätt rensa ut negativa effekter av inaveln men på vägen dit har du också tappat genetisk variation som man kan ha nytta av i framtiden.
Hei!
Atle: Det verkar som om eg og du tenker nokså likt om hingstelinjer. Altså at det faktisk er viktig å ta vare på dei!
Dei sitatene eg har satt inn frå deg her, er ting eg støtter fullt ut!
Veldig veldig einig!
Så det finnes russ ”med og utan welsh”, altså….
Ja, då vil eg samanlikne litt med den norske lyngshesten (nordlandshesten).
Lyngshesten har ein spennande historie, som ein kunne ha skrive veldig mykje om.
Litt kort historikk:
Rasen er ein rest av det gamle innfødde hesteslaget som fanst i Norge tidlegare.
Frå ca 1850 begynte myndigheitene i Norge å styre avlen, med utval av hingstar, utstillingar osv.
Og det vart ”laga” to ”hesteraser”; fjordhesten på Vestlandet og dølehesten på Østlandet.
Desse to rasane, og slik dei ser ut i dag (eksteriørt), er eit resultat av styring av avlen i 150 år.
Alt på slutten av 1800-talet vart det sendt fjordhingstar og dølehingstar til Nord-Norge, for å ”forbetre” den lokale hestestammen.
Til Nordland og Sør-Troms kom det haugevis av hingstar.
Nord-Troms og Finmark hadde meir tilknytning til Russland (og Finland) enn til resten av Norge, og det budde veldig mange samer (lapper) der. Samene var eit undertrykt folk, og dei ville ikkje bruke fjordhingstar og dølehingstar som etterkvart vart forsøkt prakka på dei.
Dei holdt på sin eigen lokale hesterase, lyngshesten.
Under den 2. verdenskrig vart mykje av Nord-Norge øydelagt, så etter krigen var det få hestar att av den lokale typen.
Lyngshestane fanst og var avla fram i Nord-Troms og Finmark, fyrst og fremst i området rundt Lyngen-fjorden. Der har ein fortsatt med avl av rasen heilt fram til i dag.
På 40- og 50-talet var det nokon i Nordland som kjøpte ein del lyngshestar ned dit, og begynte å avle. Dei begynte å kalle hesten ”nordlandshest”, fordi han likna på ein hestetype dei hadde hatt i ”gamle dager”, som dei kalla nordlandshest. Denne typen (den gamle nordlandshesten) var for lengst fortrengt og innblanda i fjording og døl.
Det var folka i Nordland som tilslutt fekk hesterasen godkjent og stambokførd.
Då under namnet ”nordlandshest”.
Dette vart gjort over hovudet på sjøsamene i Lyngen, som ofte snakket dårleg norsk, og ikkje alltid kunne skrive/lese.
I Nordland tok dei med to merrer i avlen som har hatt nokså stor betydning som stamdyr seinare.
Den eine var Mona 9, ei skimmelmerr. Slekta til Mona er kjent bakover til rundt 1910, men så veit ein ikkje meir. (Og det er nok av dei som trur det kan ha vore ein del fjording eller liknande i ho, sjølv om mange også meiner ho var rein gamal nordlandshest).
Den andre var Berglundsbruna, som vart mor til Stella 52. Berglundsbruna vart sagt å vere i alle fall halvt døl.
Elles er det blanda inn eit og annet mordyr av både fjording, døl, shetlandsponni og av ukjente ”tysker-hestar” i lyngshesten. Men då veit vi jo kva det er!....
Mona og Stella vart av folk i Nordland oftast sett på som reine hestar av den gamle nordlandshestrasen. Og dei vart dermed eit slags alibi for å kalle rasen nordlandshest (sjølv om storparten av avlsmaterialet kom frå lyngshesten).
Dette vart til ein mangeårig og langvarig namnestrid.
Dagens offisielle namn på rasen er det tungvinte nordlandshest/lyngshest.
Framleis finnes det ein og annen lyngshest som er heilt utan Mona-blod og Stella-blod.
Men desse er no så sjeldne at dei snart vil forsvinne, då ein ikkje lenger har hingstar å bruke på dei som også er Mona- og Stella-frie.
Namnestriden og uvennskapet mellom nordlandshestfolket i Nordland (som også hadde fått med seg mesteparten av dei som etterkvart hadde kjøpt slike hestar til Sør-Norge) og lyngshestfolket i Troms, var ikkje særleg bra.
Mot slutten av 70-talet fekk dei ulike innavlsproblem i rasen, slik som kryptorkisme. (Trur det var særleg i Troms dei fekk desse problema).
Dei kunne då ha kjøpt hingst (hingstar) frå Sør-Norge. Der sto det hingstar som vart lite eller ikkje brukt, som kunne passa til merrene i Troms, og som attpåtil var både Mona- og Stella-frie.
Men namnestriden og uvennskapet gjorde at det i staden vart sett inn ein finsk hingst i avlen i Troms. Han heitte Viri, og fekk stamboknr 97 i Norge.
Viri var ein del større enn dei vanlege lyngshestane, og hadde visst og eit litt vanskeleg lynne på sine gamle dagar.
Viri vart mykje brukt i avlen. Og avkommet hans vart som regel ”skrytt opp i skyene” på utstillingar. Dei reine lyngshestane vart sett i skyggen.
Då Viri kom, vart det sett ned retningslinjer for bruk av han. Ein skulle til dømes ikkje krysse Viri-avkom med Viri-avkom, men gradvis ”vatne ut” blodet etter han. Det har ikkje skjedd.
I dag er Viri opphav til den nest største hingstelinjen innanfor lyngshestrasen.
Ein del avlarar er veldig nøye på å ikkje bruke Viri-blod, og markedsfører hestane som Viri-frie….
Når eg veit dette om lyngshesten, så føler eg at det er litt av det samme som skjer med fjordhesten i dag.
Importerte danske fjordhingstar får mykje skryt og høge premiegrader her i Norge.
Og ein del av dei som avlar fjordhest, reiser lange veger for å bruke ”danskehingst”.
Sjølv ser eg framover, og tenker at om nokre år vil sikkert fleire enn meg begynne å tenke over dette. Og då vil ein sikkert begynne å markedsføre den ”reine norske fjordhesten”, UTAN danskar…..
Men tilbake til dette med hingstelinjer:
Det er alt for mange som ikkje bryr seg om det. Men det ER viktig.
Og ein ser det som regel ikkje før det begynner å bli for seint.
Atle nemnte Gjestar. Det vart eit stort problem då han og hans avkom vart brukte mykje i døleavlen.
Plutseleg sto ein over for eit innavlsproblem, og ”Gjestar-frie” linjer vart eit begrep.
I kaldblodsavlen ser ein no det samme med Elding. Mange begynner å bekymre seg for framtida.
Skal ein aldri lære av feil som er gjort?
I fjordhestavlen ser ein no tydeleg at mange meiner at viss nokre hingstelinjer forsvinner, så ”er det ikkje så farleg”. Men det MÅ då ha noko å seie?
Viss vi berre sitter att med hingstelinjane etter Rei Halsnæs, Felder og Ernarson (dei tre største greinene i dag, som alle opprinneleg tilhøyrer Håkon Jarl-linja), då har vi faktisk mista litt på vegen.
Når då til slutt alle hingstar og alle merrer er frå desse linjene, kva skal vi då bedekke med? Og har vi ikkje då fått eit innavlsproblem?
Det er måte på kor mange gongar ein kan krysse dei samme linjene over kvarandre før ein får problemer.
Det skulle gått an å teikne opp alle hingstelinjene her på dataen. Då hadde kanskje fleire greid å sjå kor skeivt alt er.
Ei dame eg kjenner (som forresten heiter Inger ho og), har skrive mykje om hingstelinjer i lyngshesten.
Ho har konstruert noko ho kaller ”Silvers lov” (Silver var ein mykje brukt lyngshingst), som går slik:
”Silvers lov lyder: DERSOM EN HINGST HAR FÅTT 1. PREMIE OG MANGE MERRER, VIL DENS SØNNER OG SØNNERS SØNNER FÅ EN UFORHOLDSMESSIG STOR ANDEL AV FØRSTEPREMIER OG MERRER FOR ALL FRAMTID. MEN PÅ EN SLIK MÅTE AT ENEREN I HVER GENERASJON FÅR MINST 60% AV SIN GENERASJONS ”KAKE”. RESTEN BLIR FORDELT PÅ 2-3 AV BRØDRENE. ”
”Silvers lov kan også uttrykkes som et bilde. Av et stamtre, med en stor, rund kraftig stamme som vokser seg skeivere og skeivere, fordi noen greiner stadig blir kappa av, men bare på den ene sida, slik at treet får tre tjukke hovedgreiner, som greiner seg videre i et hovedgreinsystem med grove greiner, og haugevis av inntørka pistregreiner. Et skeivt og sjukt tre, med andre ord.”
For fjordhesten i Noreg kunne ein lagt til at det også har veldig mykje å seie kor i landet hingsten står. Det får betydning for kva slags merrer han blir brukt på, og om sønene blir framstilt for kåring/premiering.
Fjordhingstar som Håkon Jarl, Øyarblakken, Bergfast, Torbjørn, Valebu, Rei Halsnæs, Tunfeld og Ernarson kan stå som svært gode døme på ”Silvers lov” i fjordhesten.
Eg har satt opp hingstelinjar for fjordhesten i Noreg heilt tilbake til begynnelsen. Og heile vegen er det skeivt.
Då ein starta med organisert fjordhestavl frå ca 1860 og framover, så brukte ein mange ulike hingstar, frå mange ulike linjer.
Nokre linjer var korte, med berre 1, 2 eller 3 kjente generasjonar av hingstar i rett nedstigande linje. Andre linjer heldt seg lenger oppe. No sitter vi att med berre 1 linje, den frå Gange Rolv I 42.
Kvifor tok ein ikkje vare på dei andre? Og alle dei forgreiningane som har vore seinare. Kvifor har ein latt dei forsvinne?
(Eg kan prøve å skrive litt om dei etterkvart, viss nokon er interessert).
Genetisk mangfold er viktig! Og det får ein ved å ha flest mogleg hestar i avl.
Og det er hingstane som er begrensingen! Det bør vere flest mogleg hingstar i avlen. Og av mange ulike linjer.