Sv: Hur ärvs vita tecken?
Limer inn noko eg skreiv for eit års tid sidan på eit norskt forum:
Tidligare trudde ein at dei ulike avteikna (for eksempel sokker, stjerne eller bles) skyldtes ulike gener. Ein trudde mellom anna at kvit stjerne og bles hadde dominant nedarving, og at kvit underleppe skyldtes recessiv nedarving.
Men ein såg jo at det stadig dukka opp føl med kvit stjerne/bles etter to foreldre utan, og at to hestar med kvit underleppe fekk føl utan kvit underleppe. Altså kunne ikkje dette holde stikk.
No har ein for lengst gått vekk frå denne teorien.
Det som forskarar i dag har kommet fram til, er at avteikn skyldes sokalla ”polygenetisk” nedarving. Det betyr at det er mange gener i lag som bestemmer ”mengden av kvitt” på hesten. På kvart locus (”genplass”) er det plass til to ulike eller like alleler (alternative typer av same gen). Kanskje er det slik at ”kvitt” er ein recessiv allele, og ”ikkje-kvitt” ein dominant allele. Viss det er to recessive alleler (kvitt) på eit locus, kan hesten få litt kvitt på seg. Men som sagt er det MANGE gener som virker i lag. Innehelder mange av desse eit dobbelt sett med recessive alleler for kvitt, får hesten mykje kvitt på seg.
Men det er heller ikke sikkert at ”kvit-allelen” er recessiv. Nokon meiner at det kun er MENGDEN av gener for kvitt som bestemmer kor mykje kvitt hesten får på seg.
Det er heller ikkje slik at det finnes eit gen for avteikn på bein, eit for avteikn på hovud osv.
Genene bestemmer berre kor mykje kvitt hesten får, og ikkje kor det kvite er (sjølv om det kan finnes visse arvelege tendensar).
Ein kan førestille seg at ein tek skinnet av ein kvit hest, og bretter det ut på golvet, med eit bein ut til kvar side, og hovudet rett fram. Så tømmer ein måling på skinnet, langs ryggrada (det er ryggmargen som ”kontollerer” gener og celler. ) Har ein nok måling, vil hesteskinnet få farge overalt. Har ein for lite, vil dei områdene som er lengst vekk, fortsatt vere kvite (altså nederst på beina, og på hovudet.) Har ein endå mindre måling, vil det bli fargelaust høgt oppover beina, på heile hovudet, og kanskje også på buksida.
Sidan kvite avteikn styres av eit avansert genkompleks, kan det dukke opp føl med avteikn etter foreldre der ein ikkje har sett eit einaste avteikn på mange generasjonar. (Dette er mellom anna tilfelle hos Fjordhesten).
Etter to foreldre med store avteikn kan ein også oppleve å få føl nesten utan avteikn.
Viss nedarvinga er recessiv, kan det skyldes at foreldra har dei recessive ”kvit-allelene” på ulike loci (locus i fleirtal), slik at avkommet (utan eller nesten utan avteikn) vert heterozygote for kvitt på mange loci.
Og viss nedarvinga skyldes ”mengden av kvite gen”, så kan jo begge foreldre ha dei fleste kvit-genene i heterozygot form, og avkommet kan då sjølvsagt ”tilfeldigvis” arve dei allelene som er for ”ikkje-kvitt”…
Men som sagt: Arvegangen for kvite avteikn er ikkje fullstendig klarlagt. Det einaste ein er sikker på er at den er polygenetisk, og styres av eit større genkompleks….
Dette med avteikn er også ein sak som ikkje berre styres av ”avteiknsgener” aleine. Også andre genetiske forskjeller speler inn, dessuten ein del ”ikkje-genetiske” forhold.
Kva slags grunnfarge hesten har, er av stor betydning. Dei ”mørkaste” hestane (svarte) har færre avteikn enn dei brune. Røde og gule hestar har mest avteikn.
Det ser også ut til at brune hestar som er heterozygote for Eumelamin (svart farge), dvs Ee, oftare får avteikn/større avteikn enn dei som er homozygote (EE). Dette står i boka ”Equine Color Genetics” (Sponenberg 2003), men eg har også sett det i praksis på Fjordhest.
Kva slags kjønn hesten har, er også interessant. Hos Arabaren er det påvist at hingstar har fleire og større avteikn enn hopper. Hos Haflingeren er det visstnok omvendt. Hos Fjordhesten trur eg (etter eigne observasjonar) at det må vere som med Arabar. Altså at det er hingstane som oftast får avteikn.
Men korleis avteikna vert, og kor store dei vert, er og (truleg) avhengig av fysiske forhold på fosterstadiet.
Ein har gjort forsøk med einegga tvillingar av hest. Då har ein delt befrukta egg, og brukt to ulike surrogatmødre til å bære fram føla. Resultatet då vert sjølsagt to føl med identisk arvemasse. Likevel har ikkje føla hatt dei same avteikna. Dei har hatt den same tendensen til avteikn, men dei har ikkje vore like. (Går ut frå at det er på same måten med føflekkar hos einegga mennesketvillingar).
Det er og interessant at ”farge på beinpar” (dvs begge frambein eller begge bakbein) visstnok styres av same gen. Det burde jo bety at td begge bakbein skulle ha heilt like kvite avteikn. Men det har dei jo så og seie aldri…
Ein annen ”ikkje-genetisk” greie er det at det ser ut som om hestar oftare får avteikn på venstre side enn på høgre….
Eigentleg er det jo huda og/eller hovane som er fargelause (rosa) på ein hest med avteikn (akkurat der avteikna er). Og på områder med rosa hud, veks det ut kvite hår. Der hesten ikkje har hår (på mulen, hovane, tissen…) vil avteikn sjå ut som rosa flekkar/upigmenterte områder/lyse hovar.
Ein hest med få gener for ”kvitt” vil kanskje få avteikn i form av kvite hår i panna, ei lita stjerne, og/eller ein kvit stripe eller to i begge/den eine bakhoven, kvit bakhov, kvit krone bak…
Det er ein tendens til at små avteikn kjem i panna og på bakføtene. Har hesten fleire gener for kvitt, kan han få fleire og større kvite avteikn. Det er sjelden ein hest har snipp utan å ha noko kvitt i panna, og det er sjelden at hesten har kvitt på frambein utan å ha kvitt på bakbein. (Men begge deler førekjem).
Kvitt på bein og hovud ser og ut til å fylgje kvarandre. Dei hestane som har mykje kvitt på hovudet, har som regel også mykje kvitt på beina.
Ein C.M. Woolf har forska eindel på kvite avteikn hos Arabarhest. I 1989 skreiv han at arvbarheiten for kvite avteikn er 0,68-0,69. Det betyr at om lag 2/3 av variasjonen i avteikn skyldes genetiske skilnader. (68%-69%) Resten skyldes ulike ikkje-genetiske faktorar.
Håper dette var til litt hjelp!
Elles så kan også kvite avteikn skyldes ulike gen for flekkete (skäck) i minimal utbreiing (sabino, splashed white, ovaro eller tobiano).