Sv: Brunblacka genen
Hei!
Blakkfargen er dominant, så viss ein hest skal vere blakk, må minst ein av foreldrene vere det.
Nokre få fargar kan gjemme blakkfargen heilt eller delvis.
Dette gjelder til dømes avbleikbar skimmel-fargen. Ein kan ikkje sjå på ein hest som er ferdig avbleika (skimmel, "grey" på engelsk) om/at han var blakk som liten. Ein slik hest kan sjølvsagt gi blakke føl som ein overrasking, viss man ikkje visste noko om følfargen til skimmelen.
På ein hest med annen lys farge, som cremello/perlino, sabino-kvit el er det heller ikkje lett å sjå eit eventuelt gen for blakk.
Elles er det lett å forveksle blakk med gulbrun (borket som vi seier på norsk), spesielt i raser som islandshest, der det finnes begge deler.
Ein del hestar er jo både blakke og borka på samme tid. På fjordhest kallar vi dette ulsblakk på norsk (hvitblack på svensk).
På islandshesten kan det vere vanskeleg å sjå om ein hest er for eksempel brunblakk, borka eller ulsblakk, sidan det finnes så mange nyanser av blakk farge hos islendingen. (I motsetning til fjordhest, der nesten alle dyr i dag har lys fargenyanse).
Borka hestar har ofte lyst hovud, blakke har mørkare.
Blakke hestar har ofte primitive avteikn (ål, sebrastriper på beina, stripe i mana...). Men det finnes også mange borka med ål. Og blakke kan vere utan stripe i mana. Osv. Det kan vere veldig vanskeleg å skille dei fenotypisk.
Viss ein stryker (vinter)pelsen til ein blakk hest mot håra, ser ein at håra er kvite på undersida.
Det er det som er typisk for blakke hestar. Kvart einaste hår i pelsen har farge på utsida, og er kvitt på innsida.
Borkete (og gule) hestar har farge konsentrert i hårspissen.
Kanskje vi kunne få sjå eit bilde av hesten det gjelder? Kva slags farge var mor og far?